Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slåttedugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Måndag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje.  Ei 20-tal deltakarar tok jobben med rydding, kantslått og finpuss rundt omkring på kyrkjegarden.

Spesielt var det plassar der ein ikkje kjem til med plenkløpparen som fikk eit lite «face-lift» denne kvelden.  Etter ein mai-månad med minimalt med nedbør er det etter kvart utruleg tørt på kyrkjegarden, og det er nok mange gravminneplassar som treng litt vatning for å halde liv i blomstrar som er planta ut.

Det smaker med kaffepause når det er dugnad. Frå venstre Ragnar Halle, John Moe, John bruset, Gudmund Husby og Ingrunn Torvik. Foto: Rune Moe

Frå venstre Bjørgulf Øyen, Kristian Gjeldnes, Markus Bolme, Terje Nordvik, Øystein Moe og Eivind Grønmyr. Foto: Rune Moe

På dugnaden vart det gjort kantslått rundt kyrkjemuren og litt finpuss mellom gravminna, der ein ikkje kjem til med motorisert utstyr. Foto: Rune Moe

Publisert: 29. mai 2018, 10:18