Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skyteprøve i Ranheimsvingen – er du klar for jakt?

Jon Olav Ørsal Måndag 17. august 2015

Søya og Todalen skytterlag har i heile sommar drive med skyteprøve på måndagskveldar – no er det 3 måndagskveldar att, så dersom du ikkje er kome i gang så hastar det litt. Skytinga går føre seg på skytebanen i Ranheimsvingen mellom kl 18.00 og 20.00

Det er lurt å møte opp tidleg, slik at ein får fulle lag heilt frå starten.  Skyttarlaget sel ammunisjon av dei vanlegaste typane på standplassen.

Kveldane som no er att finn du oversikt over nedafor – alle kveldane er det skyting frå 18.00 – 20:00:

Mandag 17. august
Mandag 24. august
Mandag 31. august

 

Publisert: 17. august 2015, 09:16