Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
«Skulstuå  i  Todalen»  har  overteke  Gammelskulen

«Skulstuå i Todalen» har overteke Gammelskulen

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. juli 2012

Formalitetane med overtakinga av Gammelskulen er no i orden og stiftinga «Skulstuå i Todalen» har no formelt overteke eigedomen, fortel Ragna Kvendset. Foreninga «Venner av Skulstuå» skal no ta seg av drift og vedlikehald av huset. Foreninga er alt kome igang med dugnadsarbeidet, og i første omgang er det målararbeid som er gjort, og sørveggen er så godt som ferdigmåla. Vidare er det måling av austre veggen, samt oppussing og måling av vindauga som står på programmet. Muligens blir det også skifte av kledning på vêrveggen i løpet av hausten, seier Ragna Kvendset til Todalen.no

Alle som vil kan bli medlemar i venneforeninga eller «Venner av Skulstuå» som er det rette namnet. det kostar kr 300, og kan betalast til bankkonto nr 4040.16.21042. Og alle som har lyst kan og bli med på dugnadsarbeidet som alt er i gang og som vil fortsette utover hausten. I og med at det er målararbeid som pågår så er tidspunkta litt vêravhengig, så derfor kan du melde interesse til kontaktpersonane. Kontaktpersonane er Ragna Kvendset – tlf 480 00 144,  Anders Talgø – tlf 975 90 717 eller Jon Olav Roaldset – tlf 915 17 168.  her finn du plakaten som PDF.

Ragna fortel vidare at det er nærare 30 år sia sist det er utført målararbeid på Gammelskulen, så det trengs sårt. Både kledninga og vindauga er målingssletne og må prioriterast aller først. Det trengs difor ein del mannskap til både skråping og måling i tida framover.

Publisert: 28. juli 2012, 16:36