Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skuleborna på gardsbesøk til Viastua

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2015

Sluleborna har ei allsidig læreplan, og mellom anna skal dei lære om det som foregår rundt om kring i bygda og gjera seg kjent.  For eit par dagar sia tok dei ut på utflukt til Kvennset og tok da inn i Viastua for å sjå kva dei heldt på med der. Dei hadde avtale omvisning gjennom Todalen bondelag, og det var da naturleg at dei troppa opp heime hos leiaren som er Ola Kvendset, fortel kontaktlærar Britt Mossing.

Ho har sendt oss ein epost med nokre bilder frå turen til Viastua og ho skriv:
«Sender nokre biletglimt frå gardsbesøket i Viastua. Todalen Bondelag og Ola og Sven Olav hadde bedt småskulen på omvisning på garden. Dei tok godt imot ein gjeng med nysgjerrige og dyreglade ungar.

Ola fortalde først om Bondelaget og om kvifor han ville bli bonde. Gudmund fortalde litt historie om garden, og vi fekk smaksprøver frå Viastua gardsprodukt. Etterpå bar det inn i fjøset, og her var det kalvane som fanga interessa først. Det som imponerte mest var nok mjølkeroboten. Mange kyr fekk ein ekstra kos denne dagen. Vi rakk ein liten tur innom sauefjøset også.                    Helsing 1.-4.klasse»

Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå gardsbesøket.  Alle bilde: Britt Mossing

 

Publisert: 26. november 2015, 22:21