Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skog-kompaniet kåra til Årets Gazelle

Skog-kompaniet kåra til Årets Gazelle

Jon Olav Ørsal Fredag 5. november 2010

Stor stas for Skog-kompaniet som i dag vart kåra til Årets Gasellebedrift, fortel dagleg ledar Kristen Bruset om er glad for at bedrifta vart fylkesvinnar i år. Gasellebedriften får prisen for å tore å ta sjansar, og må sjølvsagt ha ein god og sunn økonomi. Prisen er ein diplom og ein bronsefigur av ein gaselle. I tillegg vert det sjølvsagt mykje merksemd, heider og ære.

Det er Dagens Næringsliv (DN) som står for kåringa av Årets Gaselle i kvart fylke og fredag var altså turen komen for Møre og Romsdal. Kristen jobbar for andre året i bedrifta; først som driftledar og sidan i haust som dagleg ledar for Skog-kompaniet AS, som har kontor på Landsbrukshuset i Surnadal. Han fortel at det er første gong eit skogbruksrelatert firma mottek Gaselle-prisen. Les artikkelen og sjå videoen om Gaselleprisen i Dagens Næringsliv her.

Kriteria for å kome i betraktning som Gasellebedrift er:
* Levert godkjente rekneskap.
* Minst dobla omsetningen gjennom fire år.
* Omsetning på over ein million kroner første år.
* Positivt samla driftsresultat.
* Unngått negativ vekst.
* Vært aksjeselskap.

Vi kjem att med meir om Skog-kompaniet og Gaselleprien etter kvart. Her kan du lese kva Driva.no og NHO Møre og Romsdal skriv om prisutdelinga.

Først publisert: 5. november 2010, 19:15 - Sist oppdatert: 8. november 2010, 14:36