Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skoggjødsling med helikopter

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2020

Fleire nyplanta skogsfelt får no eit tilskot med gjødsel for å få fart på voksteren. Eit helikopter får gjort denne jobben utruleg effektivt, og flyr ut med gjødselspreiar som sørger for gjødsling av plantefelta.

Det er en spesiell type skoggjødsel med mykje nitrogen som blir bruka for å gjødsle plantefelt. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er eit svensk firma som utfører jobben for Pegasus Helikopter.  Det var imidlertid eit intens leven rundt bilen som mikset gjødsel til spreiaren som altså vart transportert ut med helikopter.  – Derfor var det umogleg å skaffe informasjon om kva og korleis dette var organisert.

Det er imidlertid kjent at skog som blir gjødsla både aukar tilveksten og treets forbruk av Co2. Den auka tilveksten er såpass stor at det er ingen tvil om at slik skoggjødning gir god lønnsemd for skogbrukaren. 

Først publisert: 13. juli 2020, 18:22 - Sist oppdatert: 14. juli 2020, 06:18