Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skogbrann etter lynnedslag i kvennsetlia

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juni 2018

Natt til fredag gikk det eit forrykande tordenvær over bygda og store deler av Indre Nordmøre rundt midnatt.  Det var både lyn og torden og eit lynnedslag oppi kvennsetlia antente skogbotnen og laga ein mindre skogbrann. Brannen vart meldt rundt kl 00.30 og brannmannskap vart kalla ut både frå brannlaget i Todalen og full utrykning frå hovudbrannstasjonen i Surnadal.

Brannstaden var vanskeleg tilgjengeleg, men det lokale brannvernet tok seg fram med ATV så langt dei kom etter traktorvegen oppover lia og fortsette til fots, slik at dei fikk lokalisert brannstaden og starta slokkearbeidet. Enno ein gong fekk i sjå at det er gull verdt å ha lokalt brannvesen som både er nær og som er lokalkjente i området.

Vakthavande fagleiar Terje Forberg i Surnadal brannvesen fortalte at det lokale brannvernet handterte dette godt, men erfaringsvis trengs det mange hender og føtter under slike hendingar, og difor vart det full utrykning.  Mannskapet frakta skumvatn i kanner opp til brannstaden for å sløkkje brannen og sikre at brannen ikkje skulle blusse opp igjen.  Etter at faren for spreiing var over vart det fortsett med dette arbeidet utover natta.

I 2-tida kom det imidlertid melding om husbrann i Bæverdalen, og da måtte brannvesenet omgruppere mannskapet og dermed vart det blålys på turen tilbake frå Todalen også.  Det var da snakk om at Kvanne brannlag skulle kome og forsterke det det lokale brannlaget utover natta.

Vakthavande fagleiar Terje Forberg lia aksjonen I Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Brannsjef Tor Arne Moen hadde kontakt med brannmannskapen oppe i skogen. Foto. Jon Olav Ørsal

den lokale brannbilen deltok sjølvsagt i aksjonen. Foto: Jon Olav Ørsal

Så vart det meldt brann frå Bæverfjord – mannskapet måtte omgrupperes, og så bar det i veg med blålys utover stranda. Foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 1. juni 2018, 02:53