Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skog-kompaniet er medlem

Skog-kompaniet er medlem

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. oktober 2010

Så har vi fått eit nytt medlem igjan! Denne gongen er det Skogkompaniet As som er komne med som medlem i Todalen.no. Akkurat no har dei forresten oppdrag i Todalen, da dei ryddar skog i området oppi Falla der det foreligg planer for Todalsparken. Der blir ei skogsryddarmaskin og ein lastbærar i aksjon denne veka og litt ut i neste veke, fortel dagleg ledar i Skogkompaniet Kristen Bruset.

Han fortel vidare at det er skogrydding langs veg som er spesialiteten deira. Den siste tida har dei hatt fleire oppdrag lokalt, mellom anna riksvegen frå Kvanne mot Surnadal og etter riksvegen innover mot Nordvik. Tidlegare har dei rydda Stranda inn mot Todalen,  der dei sørga for at det vart ope og fin utsikt innover bygda.

Elles driv dei rydding både langs veg, jernbane og linjenett for strøm og telefon. Dei har nerast heile landet som arbeidsområde, og tek også på seg forvaltningsoppgåver og salg av konsulenttjenester. Skogkompaniet har i dag 12 fast ansatte medarbeidarar, men i periodar kan dei ha over 20 personar i arbeid. Firmaet som vart etablert i 2006, hadde i 2009 ei omsetning på 17,6 mill., fortel Kristen Bruset til Todalen.no

Skog-kompaniet lanserte før helga ei ny nettside som inneheld fyldig info om selskapet. Her finn du link til Skogkompaniets nettside.

Først publisert: 13. oktober 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 12. oktober 2010, 20:45