Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg pådrift for turstiprosjektet

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. januar 2020

Dei siste par månadene har prosjektet Toåa tursti kome i skuggen av julefeiringa, men no blir det full rulle  utover våren, fortel Elinor Bolme som er ein av initiativtakarane for prosjektet. Laurdag var det dugnad, der skogrydding stod på dagsorden. Rundt 20 deltakarar på dugnad denne laurdag føremiddagen er heilt storarta, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L. som står attafor prosjektet som største bidragsytar. Med slik deltaking og iver skjønnar forstår vi at dette er eit prosjekt som alle står attafor.

Ei fabelaktig dugnadsgjeng vi har, seier Elinor Bolme – her saman med Svein Åge Saksen. Foto: Jon Olav Ørsal

Og tidsmessig er prosjektet heilt i rute med prosjektplana. Seinast 1. februar skal skogrydding vare ferdig og dermed klart for å fortsette anleggsarbeidet, der Per Gjeldnes Maskin er hovudaktør. Da startar arbeidet med opparbeiding av tursti frå Båthølen, via Gunnøya og langs elva nedover til Halsabrua. Det blir ein enklare form for tursti, men skal ha ein standar som gjer det mulig å ferdes med barnevogn, rullator eller for stavgang. 

Med slik deltaking og iver skjønnar forstår vi at dette er eit prosjekt som alle står attafor., seier leiar i Todalen I.L. – her saman med Ola Bolme og Ivar Bolme. Foto: Jon Olav Ørsal

Opningsdatoen er alt klar!
Arbeidet med bygging av gapahuk og platting i Båthølen vil starte i løpet av våren, samtidig som anleggsarbeidet fortsetter nedover frå Båthølen og nedover langs elvakanten.  Opningsdatoen er sett til 14. juni, som er kvelden før starten på laks- og aurefisket startar i Toåa. Da vil det nok bli både snorklipping og start på laksefisket frå plattingen ved gapahuken. Der blir det nemleg laga fiskeplass her som er tiltenkt å brukast av ferdselshemma.

Bildegalleri frå skogryddedugnaden på Toåa tursti  – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. januar 2020, 14:14