Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skikkeleg  framdrift  på  vegarbeidet

Skikkeleg framdrift på vegarbeidet

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2013

Måndag var det fullt arbeid med å rydde vegbanen på fylkesveg 671 inn til Todalen. Samtidig foregikk det boring og førebuing til sprengning i området som no skal bli ny vegbane over rasstaden. Men sjølv om 9. september er nemnt som premieredag for å starte kollonnekjøring over rasstaden er nok den endelag datoen litt usikker.

Sjefingeniør Ivar Hol seier til Todalen.no at oppryddindsarbeidet har gått bra den siste veka, og at det derfor kan bli opning alt frå mandag 9 sept. – Men det er enno nokre usikkerheitsmoment att, før vi kan slå fast endeleg opningsdato. Dette vil vi kome med meir info om seinare.

Jon Bruset tok nokre bilde på tampen av måndagen som viser framdrifta.   Foto: Jon Bruset

…og litt action til slutt. Her går salva som er avbilda i !  Videofilm: Kjetil Sogge

Først publisert: 2. september 2013, 19:54 - Sist oppdatert: 9. oktober 2013, 05:07