Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skihytta: Terrasse på dugnad

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2014

I helga har det vore snekkardugnad på Skihytta. Ny terrasse stod på programmet, og dugnadsgjengen trossa reg- og snøvêr for å få gjort unna snekkararbeidet. Det er Todalen I.L. som eig skihytta og arbeidet har vore planlagt til denne helga. Det var også planlagt beising og målingsarbeid, men det må nok vente til det blir betre vêrtilhøve. Vi har fått e-post og bilder frå Terje Nordvik som er ledar i hyttestyret, og han skriv:

«Styret i skihytta inviterte 9 ”snekkerkyndige” personer til dugnad på skihytta i helga. Av de stilte faktisk opp 8 av 9 opp -og det er kjempebra! Vi gikk opp fredag ettermiddag og formålet var å bygge en platting/terrasse utenfor den innbygde verandaen som i si tid vart bygd av «Team Lunde».  Vi kom opp på hytta ca kl 18.00 på fredag kveld, og allereie kl. 18.30 var vi i gang med graving av hol til pålane for sjølve rama for plattingen.

Gjengen hadde ein fantastisk grillmiddag fredag kveld, der sjefskokk Knut Halset fikk vist si kokkekunst. Laurdag morgon starta vi  med frukost til vanlig «Terje N-tid». Derfor kom arbeidet i gang alt i åttetida laurdag morgon. Været var ikkje akkurat på vår side, for det snødde mer enn det regnet, så det var våte snekkarar som kom inn på 10 kaffe kl. 11.00. Da hadde kjøkkensjefen nystekte vaflar å by på – stekt på sponset bakelsjarn frå Torkjel. Skihytta vart nemleg utstyrt med strømagregat tidligare i vinter.

Arbeidet gikk fort fram under leiingv Lars Kvendset, Lauvås og Kristian Gjeldnes, og kl. 16.00 var heile arbeidet unnagjort. Da hadde vi ferdigjort plattingen med rekkverk rundt og tropptrinn opp til hyttas veranda. Sjå framdrifta gjennom dagen i bildeserien nedafor.»

Her blir det ny terrasse på skihytta på Ørsalfjellet – tim e for time gjennom laurdagen.   Alle foto: Terje Nordvik

Publisert: 22. juni 2014, 05:00