Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skannerpatrulja er i farta…

Skannerpatrulja er i farta…

Jon Olav Ørsal Fredag 19. mars 2010

Det er Todalen historielag som har starta arbeidet med å skanne og registrere gamle bilete som vi kallar skannerpatrulja. Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe kjem til å jobbe med gamle bilete og historielaget har ordna seg med ein «mobil» skanner til slikt bruk.

Har du gamle bilete så er disse damene glade for å få ei melding eller ein telefon om det. Da tek dei med seg PC og skanner og kjem på visitt. Da kan dei skanne bileta med ein gong, og slepp å samle inn bileta og risikere at dei kjem bort.

Du når Ragnhild på telefon 92202656 og Ingri på tlf 91338038, så det er berre å ta kontakt.

Først publisert: 19. mars 2010, 18:00 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 10:42