Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal kjempespringfrø få lov til å spre seg?

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2019

I Todalen finns det fleire forekomster av kjempespringfrø, men enno er det ikkje meir enn at det kanskje kan være forsøket verdt å prøve å bekjempe denne planta. Den er ettårig å formerer seg gjennom frøsetting, og sprer frøa sine ved at den gjennom ein eksplosjon kaster dei opptil eit par meter.  Kjempespringfrø er på svartlista i Artsdatabanken, og dermed uønska i Norge, da den konkurrer med anna vegetasjon som den ofte konkurrerer ut. 

I ekkerkanten/elvekanten ved Trøbakkan er det ein stor forekomst like ved den gamle tømmeplassen for organisk avfall frå kyrkjegarden. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er to måter å bekjempe kjempespringfrø på – den eine måten er å slå ned vegetasjonen før den blomstrer og setter frå og den andre måten er å bekjempe den med sprøytemidler. Grunneigarar kan sprøyte, men sprøyting krev kompetanse og godkjenning, og det kan ikkje sprøytast ved vassdrag.  Slått og kantslått kan imidlertid alle sammen være med på det er kanskje ein realistisk metode for andre, og dersom forekomsten berre er i småskala.

I Todalen er det som sagt fleire forekomster, men ingen er spesielt store, og det er nok realistisk å prøve å bekjempe desse.  Ved Trøbakkan er det ein forekomst som no har begynt å spre seg nedover elvekanten. Her stammar kanskje syndaren frå plassen der kyrkjegarden har tømt organisk avfall oppgjennom åra. No er den i spredning nedover elvekanten og etter ekkerkanten. Ein liten forekomst er det også ved Haukåbrua der det er tømmeplass for organisk avfall. Her var det meir tidlegare, men det har kanskje vore gjort forsøk på å bekjempe den?

På same måte er det ein del ved Bruset – frå Bakketun og oppover både langs ekkerkanten og langs vegkanten. Det er også ein del oppover langs vegkanten både på Høyem og ved Brusethaugen. Muligens er det også Kjempespringfrø andre plassar, men dette er forekomster som ein kan sjå frå vegen.  Kan det være forsøket verdt å prøve å bekjempe dette? Det ligg vel i korta at både Vegvesenet og kommunen bør være delaktige i dette arbeidet i samband med kantslått langs vegane. Det er kanskje no vi har sjansen?

ved bruset er det ein forekomst i ekkerkanten frå Bakketun og oppover i retning Høyem. Foto: Jon Olav Ørsal

I vegkanten ved Høyem og Brusethaugen er det ein god del kjempespringfrø som har etablert seg. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 12. august 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 11. august 2019, 13:58