Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skadd hjortekalv måtte avlivast

Elinor Bolme Måndag 17. juli 2017

Forrige veke observerte Åshild Halle ein pjusk hjortekalv ved Husbysetrene i  Romådalen. Ho varsla Nils Ove Bruset som raskt kontakta Viltnemda i Surnadal kommune. Ved slike tilfeller skal alltid viltnemd og politi varslas, slik at dei kan avgjere kva for tiltak som skal iverksettast. Ragnar Halle som er leiar i viltnemda let Nils Ove ta oppdraget med å sjå nærare på den skadde kalven, og eventuelt avlive den.

Kalven vart funne på same plassen, og var tilsynelatande skadd i ein fot. Nils Ove fulgte med han ei lita stund, før han avliva den. Han flådde den, og tok bilder undervegs for å avdekkje eventuelle skadar påført av for eksempel ørn, hund eller rev. Bilda og filmen under vart i etterkant sendt til Lars Olav Lund hos Statens Naturoppsyn for vurdering.

Leddet i høgre bakfot er tydeleg skadd.

Ryggrada er også påført skadar.

Bloduttredelsar i bakparten på høgre side, men ryggen såg ikkje ut til at var brukket.

Nils Ove filma kalven før han avliva den:

Trass ferietid har oppsynsmann Lund sett på både film og bilder som han har fått tilsendt fortel Ragnar Halle. Han kan ikkje med sikkerheit anslå kva som har forårsaka desse skadane, men både hund og rev kan være aktuelle. Derfor er det på sin plass å minne om båndtvangen seier Ragnar. Lovteksten er klar: § 6. Sikring av hund ved båndtvang m.m.:I tiden fra og med 1. april til og med 20. august skal en hund bli holdt i bånd eller forsvarlig inngjerdet eller innestengt, slik at ikke den kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo.

Alle foto: Nils Ove Bruset.

 

 

 

 

 

 

Publisert: 17. juli 2017, 20:19