Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sjukeheimsbasar  på  gang…

Sjukeheimsbasar på gang…

Jon Olav Ørsal Fredag 27. september 2013

Den tradisjonelle Sjukeheimsbasaren er like rundt hjøret.  Rundt omkring i grendene er det førehandssalg av lodd, og ffor ein 10’er er du med på heile trtekningslista. Lisbet Ranes var fredag på plass på Matkroken L. Hals, og ho fortalte at salget gikk strykande. Det er sjukeheimsforeninga som er arrangør, og dei skal arrangere basar på sjukeheimen laurdag 12. oktober. Der blir det trekning av alle gevinstane.

Sjukeheimsforeninga står som arrangør av forskjellige tiltak for pasientane på sjukeheimen, slik som julebord som blir arrangert kvart år. Dei kjøper også inn forskjellig utstyr og hjelpemiddel som kjem pasientane tilgode. Foreninga har f.eks. kjøpt inn fleire smertepumper og anna utstyr til bruk på sjukeheimen. Så her blir oppfordringa å «gi så det svir».

Publisert: 27. september 2013, 14:38