Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjøbruksmuseet: – Rundar av sesongen med balldag

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. september 2018

Sesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum blir søndag avslutta med sildballmiddag, basar og kåseriet «Hus på flyttefot». Balldagen er populær tradisjon, og mange vil også få med seg trekninga etter sesongutlodninga. Dagens tema er «Hus på flyttefot». Mange bygningar – våningshus og uthus – vart i gamle dagar flytta til nye tufter, anten i same bygda eller lenger unna. – Ein biletserie viser slike hus før og no. Folkelege historier, ispedd notat frå Hans Hyldbakk og Knut Aarnes, blir fletta inn i programmet. Her er både humor og snev av drama, skriv Bernt Bøe i sin førhandsomtale.

Dama på biletet kalla heimen sin «Birkelind». Men folk sa «Stallen» …. Foto: Sjøbruksmuseet

Kva skjedde med Elisabetstua frå Årnes? Kvar står husa frå Sjølgjetla i dag? Har du høyrt om Dordi-Dørdi Stalla? Og om Bøfjordens Meieri? Kan det stemme at Settemsgeilen har vore opp-nova fire gonger og først var ei militærbrakke? Det kan bli eit underhaldande middagsselskap på museet denne siste søndagen før dørene stengjer.

 

Publisert: 12. september 2018, 18:00