Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjansespel no i jakttida…..

Jon Olav Ørsal Måndag 26. september 2016

4 rådyr beita så fredeleg som berre det rett innafor Øyabrua – ca 50-60 meter frå vegen i kveld.  Dei stod berre å glana, og lurte på kva for tulling som prøvde å ta bilde no når det mesta var for mørkt.  Dei har nok levd eit fredelag og ufarleg liv, og funne mykje god mat på ekrene i Hallagrenda i sommar.

Men det er berre det at jakttida for rådyr starta i går, 25. september og varer fram til jul. – Jakttida for rådyrbykk starta imidlertid 10. august, så den har vore fredlaus ei stund allereie.  Dere er hermed advart!

Publisert: 26. september 2016, 19:08