Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndagssjakk i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Sundag 9. mars 2014

Søndags kveld var det ny sosial kveld med sjakk i Kaffekroken på butikken. Eit titals sjakkinteresserte møttes på kveldstid for å friske opp kunskapane med nokre omgangar på sjakkbrettet. Det er såpass interesse for dette at sjakkgjengen med Terje Nordvik og Trygve Halle vil prøve å å arrangere sjakktreff annakvar søndagskveld ei stund framover.

Informasjon om dette vil vi leggje ut på aktivitetskalenderen, og da er det berre å følgje med der. Komande veke vises på framsida, medan du må klikke på «Aktivitetskalender» i menyen for å få full oversikt, månad for månad.

Her kan du sjå bileta frå siste sjakktreffet i kaffekroken søndag 9. mars.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. mars 2014, 11:12