Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sjå etter sauer og lam

Sjå etter sauer og lam

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. oktober 2012

Sjå etter sauer og lam dersom du er på fjelltur, oppfordrar Gudmund K. Kvendset. Sjølv har han framleis 20 lam borte, og eit av lamma har han sett på Lauvåfjellet. Nærare bestemt på Romålihøgdin var lammet sist observert. Gudmund hadde eit hundretals sauer og lam på beite i området Kvennsetdalen/Lauvåfjellet, og eit tap på 20 dyr er nok langt frå akseptabelt.

Sist søndag fant han ein sau med beinbrudd på Romålihøgding. Da hadde sauen med seg eit lam, men da han kom dit igjen tysdag var lammet borte. Gudmund slakta sauen, og bar han med seg ned. No oppfordar han altså folk som er på fjelltur eller jakt i området til å sjå etter lammet som er att, slik at han kan starte leitinga litt meir målretta.

Først publisert: 3. oktober 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 2. oktober 2012, 23:15