Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimsmarsjen 2011 vart avlyst!

Trollheimsmarsjen 2011 vart avlyst!

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2011

Regn og tjukk tåke ned til 3-400 m gjorde at arrangøren tok avgjerda om å avlyse årets Trollheimsmarsj. Ledar i Todalen Idrettslag seier at det var uforsvarleg å sende mykje folk til fjells under slike vêrtilhøve. Arrangøren beklaga dette, men løypetraseen gikk tross alt over Vardan, som ligg heile 850 moh, seier Bruset. Det er Todalen I.L. og I.L. Ulvungen som i samarbeid stod som arrangør av Trollheimsmarsjen.

Det kom tildels store nedbørsmengder utover dagen, noko som førte til stor vassføring i elvar og bekkar. På Vestrum målte Karen Johanne Talgø ca 32 mm nedbør i formiddagstimane søndag.

Publisert: 28. august 2011, 07:00