Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste strikkekaffe før jul

Elinor Bolme Torsdag 27. november 2014

Laurdag mellom 14 og 17 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er den siste samlinga før jul, og her blir det derfor avslutta med ei lita utlodning i lag med ein kaffekopp og noko godt å bite i.

Det er fortsatt Todalen Sanitetsforening som er arrangør av denne uformelle treffstaden, og dei håpar at dette fortsatt skal væra ein uformell møteplass for kvinner i alle aldrar i Todalen også på nyåret.

Først publisert: 27. november 2014, 11:05 - Sist oppdatert: 26. november 2014, 22:10