Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste Kløvertur før ferien

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. juni 2017

I morgon, onsdag 21. juni, blir det siste Kløverturen i vårsesongen. Avsluttingsturen blir i Svinvika og med kaffepause i Arboretet.

Da Yr.no ikkje lovar godt ver i morgon heller, tek vi kaffe i Arboretet før turen. Så kan vi ta turar i Gammelvegen eller hagen etterpå eller la vere å gå tur.

Håpar mange blir med på avsluttinga vår, det blir trekking av premiar til turdeltakarar frå alle turane vi har gått.

Oppmøte ved Matkroken kl. 11.45, og så fyller vi opp bilane og kjører utover.

Vel møtt til triveleg Kløverturavslutting – alle er velkomne!

Turen 12. juni gjekk frå Bjøråbrua og oppover skogsvegen på austsida av Bjøråa. Her var det fin grasgrodd skogsveg heilt oppå Tjønnmyranj der det vart kaffepause i den fine gapahuken. Vi gjekk nedatt om «nyvegen» frå Tjønnmyranj og ned i Falla. Ein fin trimrunde.

Fint å gå oppover skogsvegen! Foto: Dordi J H

Utruleg fint anlegg opp Tjønnmyrå! Foto: Dordi J H

 

Kløverturgjengen 12. juni. Frå venstre: Ingunn, Karen Johanne, Åse Johanne, Jorunn, Sigrun, Jorunn, Arndis, Berit, Marit, Åse. Foto: Dordi J H

Publisert: 20. juni 2017, 14:43