Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste finpuss på vassverket…

Jon Olav Ørsal Sundag 7. september 2014

Laurdag var det vegdugnad og siste finpuss på Husby og Halle vassverk. Det er no over eit år sia den nye rensestasjonen og ny brønn vart ferdigstillt og godkjent av Mattilsynet.  Denne gongen var det dugnad for å ta ei siste opprydding og grusing av den nye vegen opp til rensestasjonen.

Fleire traktorar gikk i skyttelstrafiskk med grus til nyvegen, og i løpet av nokre føremiddagstimar vart det reine autostradaen gjennom beita på Husby og opp til renseanlegget ved Lauvåa. Etterpå var det sjølvsagt dugnadskaffe og sosialsamling på Husbybakkan.

dugnad_servering_6524

Etterpå var det sjølvsagt dugnadskaffe og sosial samling på husbybakkan. Frå venstre per E. Gjeldnes, Svein Åge Saksen, Gudmund Husby, Jan Nordvik Bruset og Anders Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Vassverket som ligg ved lauvåa er no rusta opp med tanke på levering av kvalitetssikra vatn i mange år framover.  Den største investeringa er nok renseanlegget, men det er også investert i nye brønnkommar – tilsaman ei invetereing på rundt 5-600.000 inkludert dugnadsarbeidet som er utført.

Dugnad-servering_6527

Maren Ansnes, Ingrunn Torvik og Liv Larsen hadde sørga for at dugnadsgjengen fikk energipåfyll etter at dugnaden var ferdig. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_6507

Frå vegarbeidet gjennom kulrurbeita på Husby. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 7. september 2014, 11:31