Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste Eldremiddagen i Sanitetshuset, ein epoke er over

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. juni 2015

Jon Lunde tok på slutten av 1980-talet initiativ til samlingar for eldre med servering og sosialt samvær. Eldremiddagen vart første gongen arrangert 8.februar i 1990 i Sanitetshuset. Rett nok var det nokre meir uformelle samlingar i 1988 og 89, men Eldregruppa i Todalen vart stifta i januar i 1990, og sidan har eldremiddagen vore eit fast arrangement. Det første styret i Eldregruppa var Jon Lunde, Olav Moe, Margit Halle, Jenny Kvendset og Steinar Husby.

IMG_5399

Styret for Eldremiddagen no: Martinus Torvik, Karen Johanne Talgø og Reidun Østvik

For å lage mat og middag trengst det habile kokkar, og det har vore mange trufaste og dyktige kokkar desse 25 åra. Om lag 20 forskjellige damer har kokkelert, heile åtte av dei deltok på middagen i dag. Jenny Kvendset og Olina Halle var med heilt i starten, og kokkar i dag var Karen Johanne Talgø og Jorunn Ørsal, med Marte Talgø og Irene Rognrust som assistentar.  Dagens meny var nydeleg lammesteik med kjempegod karamellpudding til dessert, etterpå var det kaffe med både romkake og marsipankake.  Alle dei 20 gjestene tykte maten smaka fortreffeleg. Styret for eldremiddagen dei siste åra har vore Reidun Østvik, Martinus Torvik og Karen Johanne Talgø. Sjølv om dei synest det er vemodig, blir dette tiltaket no avslutta. Det er blitt for vanskeleg å rekruttere nye kokkar.

Sidan det var siste samling, tok Reidun og Reidar Østvik for seg historia til Eldremiddagen. Dei kunne fortelje at Surnadal kommune hadde støtta tiltaket i alle år. Andre «sponsorar» har vore Surnadal sparebank, Svorka, Gjensidige og Statkraft ved Rossåa settefiskanlegg. Men mest har nok den friviljuge innsatsen til kokkane og medlemene betydd for at dette verdifule arrangementet har vore drive i 25 år. Årsmeldinga frå 2013 viser at det året var det 32 onsdagsmiddagar, og det vart servert 650 treretters middagar! I 2006 fekk Eldremiddagen den «Gylne patron»! Faste arrangement har vore feittysdag med kjøtt og pose og julemiddag med ribbe. Som avslutning på mimrestunda, vart det allsong av «Hyldningssong til Eldremiddagen» frå 1991 av  Knut Steinar Redalen .

IMG_5397

Leiar for Eldremiddagen Reidun Østvik takka Karen Johanne Talgø for retteleg god mat og stor innsats gjennom tre år. Foto: Dordi Jorunn Halle

Reidun Østvik takka Karen Johanne Talgø for riktig god mat og stor innsats dei siste tre åra,  utan henne hadde det vorte stans tidlegare. Eldremiddagen har betydd svært mykje for mange eldre, og onsdagen i Sanitetshuset har for mange vore vekas høgdepunkt med god mat, triveleg prat, diskusjonar og allsong.

Bildegalleri frå dagens eldremiddag – alle foto:  Dordi Jorunn Halle

Først publisert: 3. juni 2015, 19:23 - Sist oppdatert: 19. juni 2015, 20:58