Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste bildearkiv med seterliv fra Todalen historielag

Ingri og Ragnhild i scannerpatruljen Sundag 28. juni 2020

Koronatida har vore spesiell for oss alle, fleire ting vart sett på vent, det var lite arrangement rundt i bygda og lite å skriva om som  for eksempel på todalen.no. Dei spurde difor skannargruppa om vi ville leggje ut bilete. Vi landa på ein rundtur i marka og fjellet, seterbileta vi allereie hadde i arkivet. Vi fekk også nokre undervegs. Vi må takke alle som har sendt inn bidrag no, alle dei som vi har skanna hos og lagt inn i arkivet før, rettingar og opplysningar. Det har vore interessant og gjevande for oss, og arkivet har vorte systematisert og større. Vi fer ikkje rundt og skannar no i koronatida, men håpar på normale tilstandar, og at vi kan fortsetta jobben om ikkje  alt for lenge. No tek vi ein pause frå biletvisinga, men kjem kanskje tilbake med eit anna emne seinare. Vi takkar for oss i denne omgang med nokre bilete vi har i arkivet frå Nordviksetra.

Takk for oss!

Om du skulle finne faktafeil eller har andre opplysningar om bileta ta gjerne kontakt med

ragnhild.ansnes.moe@pipelife.com  eller ingri.bruset@gmail.com

Ingri og Ragnhild

 

Publisert: 28. juni 2020, 18:41