Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sirkus SUSU inviterer til fest

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. oktober 2017

Laurdag 28. oktober inviteres du til fest i Surnadal Idrettshall.  Da kan du kome til Surnadal Idrettshall for å delta i Sirkus SUSU, som er ei markering av samarbeidet mellom Surnadal kommune og Sunndal kommune for å utvikle næringsliv og kulturliv i dei to kommunane. Det blir eit allsidig program i Idrettshallen denne dagen mellom kl 14 og kl 18, med bedriftspresentasjoner, lokal mat, kulturinnslag og andre messeaktiviteter ute og inne – og det er gratis.

I samband med arrangementet er det kome ei spesialutgåve av Utpågang – for høvet kalla Framgang, der du finn mykje godt lesestoff om både næringsliv og kulturliv i dei to kommunane.  I tillegg kan du les meir om programmet for denne spesiell «sirkusdagen» i Surnadal Idrettshall.

Publisert: 24. oktober 2017, 14:34