Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siloslått for fullt – avling på det jamne

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Denne veka har Todalen Mjølk starta siloslåtten for fullt.  Mykje av arealet på vel 1000 mål i Todalen reknar vi med å klare før vi tek helg, seier Ståle Ansnes hos Todalen Mjølk. 

Til saman har vi rundt 2000 mål i og utafor Todalen. Det meste nedafor falla og innafor Svinvika bør vi klare å slå og pakke ferdig før vi tek helga, men vi treng nok ei lita veke til før alt er kome i plast. 

Per rindal er på oppdrag i Todalen eit par dagar for Todalen Mjølk. Foto: Jon Olav Ørsal

På spørsmål om det er gode avlingar, svarer Ståle at det er ujamnt frå ekre til ekre, men totalt så snakkar vi vel om eit normalår.  Ståle reknar med at dei fleste kjem i gang med slåtten i løpet av veka eller i neste veke.

Først bli graset raka i hop og så blir det pressa i ballar etterpå. Foto: JonO

Publisert: 5. juni 2019, 19:09