Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sildball-dag  på  Nordvik

Sildball-dag på Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Laurdag var det silballdag i forsamlingshuset på Nordvik, og nordvikgardingane gikk «mann av huse» for å være med på dette kulinariske måltidet. Og det var laga ei skikkeleg «ballfole» denne gongen, for på fjorårets balldag gikk grytene tomme før alle hadde fått forsynt seg. Men i år vart det nok, og underteikna kan bekrefte at det vart servert prima vare. menyen var sildball med stekt bacon, kålrot og potet, og etterpå var det fruktcoctail med vanilsjaus og kaffe.

Og kokkane fekk mykje lovord for produktet dei leverte, og sjølv om folk kom og gikk var forsamlinshuset nerast fullsett under middagen. Det var styret i Nordvik grendalag med litt forsterkningar som utgjorde dagens kokkelag.

Først publisert: 26. mars 2011, 21:50 - Sist oppdatert: 29. mars 2011, 21:06