Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sikringsgjerdet: – jobben er gjort!

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. november 2013

Måndag vart monteringa av sikringsgjerdet ferdig – jobben var gjort for dei tre karane frå Bjerkvikfirmaet Betongrenovering Drift AS. Jobben har gått radigt, og dei har bruka 5 arbeidsveker på jobben med å sette opp det 6 meter høge sikringsgjerdet like ovafor vegen på rasstaden.  Det er no gått 4 månader sia raset tok med seg ein bit av fylkesveg 671 ned på havets djup. Det skjedde onsdag 31. juli ca  kl 9,45.

Dette isolerte bygda, som det første døgnet hverken hadde straum eller veg. Telefonen var også problematisk til Svorka fikk klarsignal til å gå inn i rasområdet for å reparere straumtilførselen etter vel eit døgn. Sia har det gått slag i slag med rensing av rasområde og sprengning av nytt fundament til vegen. Og det har tross alt gått fort, når ein tenkjer på kva som måtte gjerast. Vegen innover Stranda har fått ein liten sving inn mot raset, men når rekkverket kjem på plass vil vi knappast merke noko til dette.

Sikringsgjerdet som er sett opp er 6 meter høgt, og vil nok fange opp det som eventuelt kjem av stein og snø frå rasområdet. Det er basert på solide wirar som er fletta sammen, og innafor er det lagt flettverk for å fange opp småstein og is. Kvart festepunkt er dimensjonert for 30 tonn, og det er ein masse festepunkt som altså tåler 30 tonn kvar.  Harald Opsahl frå Betongrenovering Drift seier at det skal kjempestore steinblokker til for å knekke gjerdet. Han poengterer at rasområdet er så godt rensa at han trur at det er liten fare for at noko skal skje.

Vi fikk ein tur opp til sikringsgjerdet med liften, og har laga eit bildegalleri frå innspurten på monteringsarbeidet. Fredag var det montering av innergjerdet som pågikk, og måndag var arbeidet ferdig og dei siste justeringane ferdig. Montørane skulle resten av veka drive vedlikehald på utstyret ved lageret som firmaet har i Stjørdal. Seinare er det nye oppdrag som ventar – landet rundt.

Nedafor finn du fotogalleriet frå sinnspurten på monteringa av sikringsgjerdet.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 26. november 2013, 06:00