Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sikringsarbeidet er godt i rute

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. september 2018

Sikringsarbeidet på vegen gjennom Brusetmelan er kome langt – steinfyllinga er på plass og snart er det klart for å montere rekkverket.  Det som står att er litt finpuss og opparbeiding av ei omkjørsel på kvar side og som sagt montering av rekkverk. I tillegg skal all skoger på oversida av vegen bort, og det blir oppgåva til Mestas skogsteam som da skal flise opp det meste.

Skråninga er fylt opp med stein – først storstein og så steinmasse og grus. No står det berre att å montere eit solid rekkverk mot elv og utover til bakketoppen ved Vangen. Foto: Jon Olav Ørsal.

Vegskråninga er no fylt opp med stein ut i elva for å gi plass til eit solid rekkverk, og plana er at det no skal monterast rekkverk på heile strekninga nedover til bakketoppen ved Vangen. Berre rekkverket, som er ekstra solid mot elva, representerer ein kostnad på rundt 500 tusen kroner. I samband med arbeidet er det bruka rundt 160 lastbillass med stein – derav rundt 100 lass med storstein som kjem frå vegarbeidet i Falla. Resten kjem frå steinbruddet i Øyalia.

Arbeidet med å sette opp rekkverk vil bli gjort unna før det blir vinter, men reparasjonen av asfalten vil bli gjort seinare. Først vil ein sjå om fyllinga setter seg, deretter vil asfalten bli reparert.  Når rekkverket kjem på plass vil vi nok sjå at vegen er like smal som tidlegare, men trass alt mykje sikrare.  I samband med vegarbeidet kom det da også for dagen at vegen var ikkje så solid som ein trudde mot elva.  Derfor var det på høg tid at dette sikringsarbeidet vart gjort, og at det vart gjort før det skjedde ei alvorleg ulykke.

Det blir no laga ein omkjørsel på kvar side av anleggsområdet slik at det skal bli mindre rygging om du møter bil eller traktor der det er for smalt til å passere. Foto: Jon Olav Ørsal

No skal skogen på oversida vekk – Mesta kjem med eit spesialteam som skal stå for skogryddinga. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. september 2018, 13:53