Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sikringsarbeidet er godt i gang

Sikringsarbeidet er godt i gang

Elinor Bolme Torsdag 10. oktober 2013

Betongrenovering AS er nok ein gong ankommet Todalen, denne gongen for å starte sikringsarbeidet forbi rasstaden uti stranda. Firmaet frå Bjerkvik er no godt i gang med montering av eit 100 meter langt  fanggjerde på 5000 kJ. Til samanlikning kan det nemnast at fanggjerdet som samme mannskap sette opp i Oppdølsstranda tek «berre» 3000 kJ.

Karane har no merka av alle punkt i berget som det skal sette 6 meter høge stolpar som nettingen skal festast på etterkvart. Gjerdet blir sett opp rett på nedsida av høgspenten som er der frå før, og vil halle litt skrått utover mot vegen. Ved spørsmål om kor sikkert dette er, kunne dei glatt berolige utsendt reporter, med både stein- og eventuelle snøras.

I oppstarten er dei no tre karar, men bas Tor Ove Løvtangen kunne fortelje at dei antakeleg vis ville få ned meir mannskap frå eit anna prosjekt undervegs. Men nokon ferdigstillingsdato ville han ikkje ut med, som forventa. Arbeidet foregår parallellt med kjøyrebanen, så passering vil ikkje bli noko problem.

Tor Ove Løvtangen og Harald Opsahl i Betongrenovering AS ønska gjennom todalen.no å rette ein stor takk til Anders Talgø som har sett området ved Rossåa til disposisjon, både til lagring og montering.

Under er eit bildegalleri frå oppstartsarbeidet. Alle foto ElinorB

Publisert: 10. oktober 2013, 07:54