Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sikker på sykkel» i regi NAF

Elinor Bolme Onsdag 22. mai 2019

Dei siste vekene har det på fleire av skulane i rundt om vore fokus på trygg og sikker ferdsel på sykkel i regi av NAF. NAF sitt mannskap har vore ute på skulane med eit opplæringsopplegg, der ungane skal  lære seg å ferdast ute i trafikken med eit opplegg dei har kalla «Sikker på sykkel»  Dette er eit ledd i å nå krava i opplæringslova, som kanskje ikkje alle skulane har nok fokus på.

Både elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter har hatt besøk av NAF, og her har alle elevane frå 4.-7. klasse hatt både teoriundervisning og praktisk sykkeltrening med ulike hinder. For å gjere det ekstra inspirerande har desse aktivitetane ei enkel konkurranseform i seg, der dei to jentene og gutane frå kvar skule med best resultat både på praksis og teori får møte andre skular i ein regional konkurranse. 

I kveld var desse fire deltakarane frå dei ulike skulane samla på Mo oppvekstsenter til dyst. Fem skular, med til samen 20 ungar tevla i ei allsidig sykkelløype før to vinnarar vart kåra. Ein som skal representere i gutteklassen, og ei i jentekalssen som er så heldige å kunne delta i landsfinalen allereie 1. juni på Gardermoen.

Hallvard Vermøy og Gøril Bakken frå NAF går igjennom løypa før kvar enkelt av deltakarane får ta ein prøverunde. Løypa inneheld både nedbremsing, balanse, presisjon og litt smidigheit.

Synne Dalsegg frå Mo oppvekstsenter og Nils Erik Gjeldnes frå Todalen vart dei to heldige vinnarane som samanlagt hadde best teorikunnskapar og sykkelferdigheiter. Landsfinale på Gardermoen neste!

Under er fleire bilder og meir info frå kveldens konkurranse. Alle foto ElinorB

Først publisert: 22. mai 2019, 21:22 - Sist oppdatert: 24. mai 2019, 19:28