Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sikker deg billett no!

Elinor Bolme Onsdag 24. juli 2019

Det er oppfordringa frå Stig Husby som er jubileumsansvarleg når Todalen.no skal markere sine første 10 år på lufta 10. august. Som tidlegare nevnt blir det både matservering frå Sylte gardsslakteri, motivasjonsforedrag av Kortnebbgåsa Ve og Vel og minikonsert med Tone Søyset Døvig til slutt.

Tone kjem med foreløpig hemmelig akkompagnement, men med mange kjente songar fra både Todalen og Nordmøre. Som om ikkje dette er nok, så har Tone planlagt urframføring av ein nykomponert song til Todalen og til Todalen.no sine første 10 leveår.

-Vi har no fått fleire henvendelsar på kjøp av billettar, og har derfor fått lov til å leggje dei inn på Matkroken i Todalen hos Terje N og resten av gjengen der, fortel Stig. Så da er det berre å henvende seg i kassa der, så du er sikker på at du ikkje går glipp av ein festkveld med laus snipp i Todalen Ungdomshus.

Med gode sponsorar på laget kan prisen settas til eit minimum.

Todalen Grendalag er med og hjelper til med servering og tek hand om baren utover kvelden. -Det er vi veldig takksame for, da styret i Todalen.no kun består av fem stykker, avsluttar Stig som no er klar til å ta i mot billettbestillingar. 

 

Først publisert: 24. juli 2019, 09:18 - Sist oppdatert: 23. juli 2019, 20:07