Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen  Ungdomshus

Todalen Ungdomshus

Todalen Ungdomshus er bygdas forsamlingshus som blir leigd ut til private lag og arrangement. I tillegg blir det heldt festar, basarar, revyframsyningar, bygdekino og andre festlege tilstellingar.

Huset vart bygd i 1900 av Todalen Ungdomslag. I 2000 tok Todalen Idrettslag over drifta av huset. ”Huset”, som det blir kalla av bygdefolket, har eit godt utstyrt kjøkken, matsal, festsal og eit galleri med utsyn mot scena.

Du finn programmet til Bygdekinoen her.

Kontaktperson: John Moe, telefon: 920 48 856

Først publisert: 25. august 2009, 15:49 - Sist oppdatert: 5. februar 2010, 17:26