Halsesamlinga

Halsesamlinga i Gammelskulen.

Leif Halse

Leif Halse var fødd i Halsa på Nordmøre i 7.juli 1896. Han flytta til Todalen som eittåring og vaks opp i Gammelskulen. Som gutunge gjette han i Romådalen og på Kårvatn, var dreng i Jostua på Husby. Leif var observant frå barndomen, noko diktinga hans syner, for han skreiv ofte om ting som hende i barne- og ungdomsåra. Han vart gift med Sigrun Floan og fekk 2 søner, Kåre og Steinar. Etter kvart busette dei seg i Hommelvik.

Leif var først og fremst lærar og skulemann, men han var også aktiv idrettsmann, idrettsleiar, foredragshaldar, kåsør (mykje bruka i Skulekringkastingprogram og i Folkemusikktimen i radioen), underhaldar, spelemann og ikkje minst diktar. Leif Halse var svært glad i heimbygda si og takka vera han og nedskrivingane hans, veit vi mykje om gamle dagar i Todalen. Han fekk tittelen, far til Vangsgutane. Vangsgutane, med Kåre og Steinar, Larris og fleire med, fortel, på godt og vondt mykje om kvardagslivet i Todalen i eldre tider. Juleheftet om Vangsgutane har kome ut sidan 1939-40. No i nye opplag av eldre hefte. Leif skreiv 34 bøker, fleire skodespel og mange fine dikt. Broren Olav Halse har tonesett nokre av dikta hans.

Leif fekk fleire utmerkelsar for arbeidet sitt; kongens fortenestemedalje i gull, Møre og Romsdal fylkes kulturpris, Malvik kommunes kulturpris. Han er æresmedlem i Noregs Mållag og i Nordmøre spelmannslag.

Etter at han vart pensjonist i 1963, flytta Sigrun og han til Levanger og der budde han til han døydde i 1984.

Todalingane fekk ei fin samling av skrifter, bøker, bilete og anna av ervingane da han døydde. Ei nemnd nedsett av bygdafolket forvaltar desse verdiane.

I nemda sit; Nils Ove Bruset, Dordi Jorunn Halle, Maren Ansnes, Britt Mossing og Ragnhild Ansnes Moe.

Til sal;

  • ”Kattastrof” cd med samling tekst og tonar av Leif Halse
  • Dobbelt prospektkort m/konvolutt, Todalsmotiv og Vangsgutane, Todalssongen trykt bakpå
  • Enkelt prospektkort, Todalsmotiv og Vangsgutane
  • Diktsamlinga ”På Bygdabakkom”

Vil du sjå utstillinga eller har lyst til å kjøpa noko kan du ta kontakt med 922 02 656 eller 970 81 093.

Medlemmar

Viastua Gardsprodukt
Nordvik Grendalag
Start 4H
Todalen Småbåtforening
Driva
Svorka
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Norsk Laksefestival
ICA Todalen
Eldremiddagen
Surnadal Kulturhus
Talgø Møbelfabrikk AS
Rossåa Settefiskanlegg
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Skogkompaniet
Skulstuå i Todalen
Todalen Brygge
Søya og Todalen Skytterlag
Sparebank1 Midt-Norge
Studio Saksen
Indre Nordm�re Forsvarsforening
IL S�ya
Todalen Bondelag
AMFI Surnadal
Surnadal Regnskap AS
Kårvatn Fjellutstyr
Todalshytta
Todalen Elveeigarlag
AMFI Kreativ
Surnadal Sparebank
Trollheimsporten
Todalen Idrettslag
Surnadal Kommune
Todalen Sokneråd
Kombi Regnskap
Stangvik Historielag
Stangvikfestivalen
Gjensidige Surnadal
Todalen Historielag
Surnadal Pensjonistlag
Todalen Sanitetsforening

Logg inn som redaktør