Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Setrene  i  Søyådalen

Setrene i Søyådalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. august 2010

Jon Bruset har vore på tur til Søyådalen, og har sendt oss ein bildeserie og nokre ord om turen. Han skriv: «På austsida av elva kjem ein først til Holtasetra, der dei heldt på med setringa lengst, til 1956. Like ved ligg Klokkargardssetra der setringa vart avslutta i 1946. Lengst inn på vestsida av elva ligg Mosetra der det var setring til 1937. På denne stølen sto også Øyskogsetra, som er oppattbygd som hytte.

Der Vassendsetra sto, er det i dag ei hytte, etter at setra vart rasert av eit snøras i 1979. Så kjem ein til Mellingsetra der setringa vart avslutta i 1945. Også her vart setra teken av same snøraset som tok Vassendsetra i 1979. Her vart både seterskjelet og fjøset oppattbygd slik dei var. Det kan nemnast at på setertaket her er rekorden for tyttebærplukking 90 liter!

Alle setrene ligg omkring 300 – 350 moh. Vedlikehaldet av seterskjela er jamt over svært god.  Turen er å anbefale»!

For å kome til Søyådalen tar du av frå riksvegen ovafor museet på Åsen, og kjører innover Østbødalen til du kjem inn mot Søyådalen. Det er bomveg (kr 20) av bra standard frå Østbødalen og inn mot Søyådalen.

Her finn du bildegalleri frå setrene i Søyådalen.   Alle foto: Jon Bruset.

Publisert: 24. august 2010, 22:30