Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Setertur i Ålvundliå

Marit Haugen, Stangvik Historielag Sundag 19. juni 2016

Veret vart litt «ruskåt» laurdag den 18. juni da Stangvik Historielag skulle arrangere tur til setrene (setertuftene) oppi Ålvundliå – og dette var nok mykje av grunnen til at så få, berre 6 stykkje + guiden Nils T. Ulvund, møtte opp.

Ålvundfjordingane setra og mange andre plassar, bl.a. Røyråhamran, i Todalen og i Søyådalen. Men her oppi Ålvundliå hadde Utistuå og Austistuå Ulvund, og Bønnan hatt setrer attover tida.

Vi starta etter skogsveg ved «Lunningsplassen» oppi Ålvundbrekkåinn» – eller Meieritomta» som Nils helst ville kalle plassen. Det var nemleg her det gamle meieriet stod (1897 – 1917). «Meieriet» vart nedreve i 1925 og oppatt-bygd som bolighus på Øverlandet – og der bur Nils i dag …… Litt lenger opp fekk vi sjå «Meieridammen», den vart opprenska for nokre få år sia, etter at den etter kvart hadde vorte mesta attvokst. Vi tykte det var litt rart at dei tok vatnet frå denne dammen (som låg på venstre sida av skogsvegen – for på høgre sida rann bekkjen Lauåa, eller Lauådalsbekkjen som den vert kalla. Det var tydeleg spor etter ei grøft nedover mot dammen, kanskje var det grøfta frå vassiget til bekkjen og dit (?).

Opp skogsvegen vi gjekk etter var det raud-merka, etter kvart gjekk vi over på ein bratt, men fin sti, her kunne Nils fortelje at det var merka løype opp til Varhaugen og vidare til Stortuva.

Vi kom etter kvart opp til Vårsetra (og kalla Litjl-setra). Vi såg tydeleg tuftene, men det var ikkje restar etter trevirke lenger. Sist på setringa bruka Utistufolket denne setra berre om våren før dei flytta buskapen inni Viromdalen.

Ved Litljsetra-Vårsetra - Utistua Ulvund

Ved Litljsetra-Vårsetra – Utistua Ulvund

Det var bratt opp lia her, men det la vi knapt merke til, det vart innlagt stopp med jamne mellomrom, der «gaiden» fortalte om seterdrifta, og fleire av turdeltakarane kom med mange gode historier frå «gammeltida».

Oppe ved Ålvundsetra (Austistusetra), romla det såpass i magå at vi måtte finne fram termosen og matpakka. Det var her dei dreiv lengst med setring på Ålvund-gardane, siste året dei setra her var i 1946. Even frå Bønnå var 11 år i 1946, og han har fortalt at han fekk rømme på setra her dette året. Setra vart seinare seld til Kr.sund E-verk, som reiv ho og sette opp ei lita hytte. Medan vi satt her kom det ein skikkeleg regneling, så resten av turen vart nok litt amputert, men vi bestemte oss for å gå opp til «Stænhøttå» før vi snudde. «Stænhøttå» står øvst på setervollen til Øver Setra, og står truleg på tuftene etter gammel Bønnaseter. Det var nokre gjetargutar som begynte å mure opp ei lita steinhytte her etter at setringa vart flytta lenger nedi lia. Frå sist på 1970-talet og utover vart det kvart år teke «eit tak» for å mura oppatt Stænhøttå. Vi fann ut at det måtte litt «tømmerhogst» til på taket – bl a hadde ei lita furu slege rot her – men det såg ut for at taket var tett så langt…

Ved Steinhytta på Øver Setra

Ved Steinhytta på Øver Setra

Skoiddå var sid, og det «draup litt tu na», så vi fekk dessverre ikkje sjå mykje av «omverden», så vi tok siste matbiten her før vi tok fatt på brattå ned lia. Medan vi åt maten vår las Nils nokre fine vers som Peder Strand hadde skreve om «Den gamle Bønnasetra». (I årsskriftet til Historielaget for 2009 kan du finne fleire opplysningar om setrer/setring i Ålvundfjorden).

Da vil eg takke turdeltakarane – og spesielt Nils T – for ein triveleg og lærerik tur!

Marit H

Publisert: 19. juni 2016, 19:46