Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Setergrenda i Vålåskaret

Setergrenda i Vålåskaret

Elinor Bolme Sundag 22. september 2013

Ein finn Vålåskaret like ved vegen som går gjennom heile Resdalen, frå Å-grenda i Meldal og over til Rindal, knapt 1,5 mil frå Å sentrum ved RV 700. Seteranlegget på plassen ligg rett opp frå Resvatnet, i ei slak, sørvendt skråning. Det er store utmarksareal i Vålåskar-området, som elles i det meste av Resdalen, og underteikna var i området for å gå til Resfjellet. Vi kjøryrde derimot andre vegen, om Romundstadbygda. I seinare tid har det i denne dalen vorte attraktiv for hyttebygging og fritidsformål.

Seterdrifta i Vålåskaret vart lagt ned i 1950-åra, men dei fleste seterstuene er i dag i bruk som fritidshus, og med varierande grad av inngrep og endringar i tilknytning til dette. Det er blandt anna inngått ein samarbeidsavtale med Meldal Bygdemuseum om bruk av den seterstua som er minst endra. Denne stua er knapt endra noko som helst i løpet av 1900-talet. Bygningane som står i Vålåskaret i dag, er for det meste frå tidleg på 1800-talet. Då vi tok turen bortom, var ein mann i full gang med restaurering av sitt seterhus. Han kunne fortelje at det slettest ikkje var lov å gjere som ein ville i dette arbeidet. Galvanisert spikar er ikkje tillete, heller ikkje rett bordkledning i nedre ende.

Vålåskaret var frå gammalt av to bruk, Nedgard og Oppigard, og var leiglendingsgods. Men den faste busetjinga tok slutt frå tidleg på 1800-talet, og Vålåskaret vart delt opp i mange seterbruk. Båe Vålåskargardane var haldne for å vere frostlendte bruk, og dermed uvisse for korn, men gode til eng. Omlegginga til seterdrift vart diufor eit naturleg alternativ.

Seteranlegget Vålåskaret vart tinglyst freda i 1967, som det første her i landet. I fredingslista er oppført som freda 9 seterstuer og 6 uthus.

Vi fikk tillatelse til å ta litt bilder, likevel om det var rimelig godt merket at vi var i privat område. Alle foto ElinorB

Publisert: 22. september 2013, 10:45