Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongstart med Vossarando i helga

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. januar 2021

I helga er det sesongstart for randonee-sesongen, der Viljar IL står som arrangør for Norges Cupen som foregår i Myrkedalen laurdag og i Bavallen i Voss på søndag.  Her er det konkurrerert i induviduellt på laurdag, og søndag er det sprint som står på programmet.  Frå den lokale klubben Trollheimen Fjellsportklubb var det to deltakarar i dagens individuelle konkurranse – Kristoffer Nordvik og Erik Kårvatn, som begge hevda seg bra med 5. og 6. plass. 

Startskotet har gått, og Kristoffer og Erik har fått eit godt utgangspunkt. Foto: G. Kårvatn

Vi har fått bilder fra arrangementets første dag frå Gudmund Kårvatn, som er TD (teknisk delegert) under arrangementet.  Han rapporterer om eit bra renn, med dyktige arrangører og ei artig og krevjande løype med mange skiftesoner (ski på sekk etc) i dagens individuelle konkurranse. I år er det litt færre deltakarar enn det var i fjor, men det har nok si naturlege forklaring med koronasituasjonen som hemmar slike arrangement.  Dette medfører mellom anna at Erik Kårvatn, som egentleg er junior, må stille i klasse menn senior.  Erik hevda seg imidlertid bra i herreklassen, og kom i mål på 1:31:16 som er 14 miutt etter vinnaren Hans Inge Klette og var nest best av juniorane som deltok. 

På søndagens sprint er det to deltakarar frå Nordmøre – Erik Kårvatn frå Tollheimen Fjellsportklubb og Edvard Sætran Solli som startar for Torvikbukt I.L.  Vi følgjer spent med på resultatet….

Erik i sporet etter Kristoffer Nordvik. Foto: G. Kårvatn

Feller av i full fart for Kristoffer Nordvik . Foto: G. Kårvatn

Erik på tur opp siste kneika – her er det full speed! Foto: G. Kårvatn

…. og så er det feller av for å få full fart utfor! Foto: G. Kårvatn

Klart for start – rennleiaren orienterer om starten og løypetilhøva. Foto: G. Kårvatn

 

Publisert: 9. januar 2021, 18:36