Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sesongstart med «kjøtt og påsse»

Sesongstart med «kjøtt og påsse»

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. august 2012

Onsdag 5.  september startar Eldremiddagen på ein ny haustsesong, melder «eldregeneral» Martinus Torvik. Og dei startar ikkje sesongen med nokon slankemeny, for denne dagen blir det servert «kjøtt å påsse» til hovudrett og riskrem til dessert. Det skjer i Sanitetshuset kl 13.00, med både eldrerådet, ordføraren og rådmannen er inviterte gjestar. Karen Johanne Talgø og Brit Nordvik er kokkar. Vidare utover hausten blir det arrangert eldremiddag kvar onsdag,  til dei tek juleferie ein gong i desember.

Først publisert: 30. august 2012, 19:00 - Sist oppdatert: 29. august 2012, 19:47