Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sesongslutt  til  Myrvang  og  Nauståfossen

Sesongslutt til Myrvang og Nauståfossen

Martinus Torvik Fredag 21. juni 2013
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag avslutta vårsesongen torsdag med marsj i området Kårvatn, Myrvang og til Nauståfossen. Kafferasten var lagt til Myrvangtunet der Liv og Jon tok i mot oss for fjerde året på rad. Guri og Lars, som har vore like trufaste, bidrog med musikk og jammen var det fleire som svinga seg på vollen både i valse- og polkatakt. Den faste graut/bakelsgruppa vår serverte velsmakande godsaker og alle 40 frammøtte såg ut til å kosa seg.
 
Dette var årets åttande tur. Vi tek no pause til 3. august. Da stiller vi i arboretet i Svinvika etter innbyding frå Norsk Vandrefestival. No tek vi ein velfortent marsjpause, men ser fram til å prøva kreftene att frå hausten av. Terminlista ligg alt i aktivitetkalenderen til Todalen.no.
 
Bilder frå turen til Kårvatn, Myrvang og Nauståfossen finn du her.  Alle foto: Jorunn Ness
 
Publisert: 21. juni 2013, 18:54