Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Regnfull sesongopning i Svinviks Arboret

Regnfull sesongopning i Svinviks Arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2011

Laurdag opna Svinviks Arboret portane for publikum, og hadde dermed premiere på ny sesong i den botaniske hagen som i utgangspunktet var livsverket til Hallvard og Ane Svinvik. Regnet hølja ned da portane opna, men utover dagen vart det både god temperatur og såpass opplett at eit femtitalls publikummarar tok turen for å sjå hagen eller ret og slett for å kjøpe seg ein kaffekopp og ein godbit attåt.

Blomstringa er igang, men med litt sol og varme vil nok rododendronhagen eksplodere i full flor om på nokre dagar. Dei ansatte har den siste tida jobba på spreng for å få alt klart til opninga. I mai månad er hagen open frå torsdag til søndag i tidsrommet 12-17. I juni månad det og ope torsdag – søndag 12-17, men da er det og ope onsdagskveldar for kveldsvandring i tidsrommet 17-20. I heile juli der det ope onsdag 12-20, og torsdag – søndag kl 12-17.

Vi anbefaler å kombinere turen med eit besøk i kafeteriaen. Dei har mange fine godbitar som det er vel verdt å prøve, og så er det godt med en kaffepause etter at en har vandret rundt i hagen ei stund.

Publisert: 14. mai 2011, 18:00