Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongens siste turnering

Elinor Bolme Tysdag 8. oktober 2019

I helga arrangerte Surnadal Golfklubb si siste turnering for sesongen. Med heile 44 deltakere frå fire ulike klubbar påmeldt til årets «Hjorte-scramble», vart avslutninga ein suksess. Antall påmeldte deltakarar var forøvrig årsrekord, og berre under jubileumsturneringa i 2006 har det vore fleire deltakere med. 

Gjestane frå Sunndal Golfklubb; John Gammelsæter og Rune Nikolaisen var uslåelige denne gongen, og utkonkurrerte motstandarane med 45 poeng. Ellers vart resultatlista lista jamnare frå 2. plass og nedover:

  1. John Gammelsæter og Rune Nikolaisen, 45 poeng
  2. Trond Kristian Grødal og Lars Daniel Garshol, 40 poeng
  3. Heid Snekvik og Magnus Snekvik, 40 poeng
  4. Brit Røsand og Allan Troelsen, 40 poeng
  5. Malin Røen og Halstein Kvande, 40 poeng
  6. Kari Lise Kongshaug og Rune Lønnum, 38 poeng
  7. Erik Nordvik og Lars Nes, 38 poeng
  8. Lasse Vaseng Hansen og Geir Berntsen, 38 poeng
  9. Terje Kvande og Oddvar Væge, 37 poeng
  10. Trygve Talgø og Bjørn Schei, 37 poeng

Leiar Hallvard Kvande takka for årets sesong, og ikkje minst for alt arbeidet som har vorte lagt ned for å få gjennomført alt gjennom ein aktiv sesong.

I løpet av sesongen 2019 har det vore heile 641 turneringsdeltakarar fordelt på 34 turneringar i klubben. Ein klubb med stor aktivitet med andre ord.

Og kanskje nettopp derfor er det no full dugnadsjobbing med å flytte golfsimulatoren som pr i dag står på Landbrukshuset til golfbanen. Den siste tida har ein ivrig dugnadsgjeng starta jobben med å reise eige hus til denne, slik at all aktivitet blir på banen på Kvanne i åra framover. 

Golfsimulaturen får no eige «krypinn» vegg i vegg med det nye klubbhuset, og golfklubben blir ein heilårsarena.

Les meir om dette, og sjå fleire bilder frå helgas Hjortescramble på klubben si heimeside

Alle foto: Surnadal golfklubb.

Publisert: 8. oktober 2019, 21:56