Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Senterpartiet vinnaren i Todalen med 77,9 % av stemmene

Elinor Bolme Måndag 9. september 2019

Senterpartiet vart den store vinnaren under dagens kommune- og fylkestingvalg i Todalen. 150 personar var innom valglokalet i skulen for å avgi stemma si. Totalt antall stemmeberettiga i kretsen er 247 personar, noko som gav ei valgdeltaking på heile 78 %. 

Like før midnatt var alle stemmene i Surnadal kommune sine 6 kretsar opptelt. Oversikta viser at Senterpartiet vann valget i alle kretsane med totalt 1375 av 4802 av stemmene.

  • Todalen 78 % valgdeltaking
  • Stangvik 70 %
  • Bøfjorden 69%
  • Mo 66%
  • Nedre Surnadal 62% 
  • Bæverfjord 62%

Etter at valget er unnagjort må tellekorpset trø til. Dei venta på kommunehuset saman med stemmestyret. 

Knut Haugen, Gunnhild Eidsli og Kjetil Sogge tek hand om valgsedlanne frå alle kretsene etter innkomst på Kommunehuset på Skei . Her blir dei først scanna  og deretter kontrollert slik at alle kummuleringar og slengarar blir tatt med.

Lilly Husby og Torhild Kleven Bæverfjord leverer urnene og resten av valgmateriellet til Nils Håvard Øyås og Lilly Gunn Nyheim frå stemmestyret i Surnadal kommune. Lilly og Torhild har hatt ansvaret i Bæverfjord krets.

Valgstyret i Surnadal kommune er tilstades og ser for seg at alt går rett for seg når urnene frå kretsane kjem inn med stemmesedlane. Frå venstre Ingebrigt Moen, Nils Håvard Øyås, Jonny Melkild, Tor Rune Halset, Lilly Gunn Nyheim, Helge Røv og Oddny Hoem.

 

Publisert: 9. september 2019, 22:57