Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Senioruniversitetet har haustprogrammet klart

Jon Olav Ørsal Måndag 8. september 2014

Denne hausten satsar dei på skihistorie og besøk på Skimuseet i Rindal. Det skjer onsdag 17. september. Det er absolutt vert å ta turen til Rindal sentrum, der det nye skimusett ligg. Senioruniversitet vil få både omvising og kaffe og svele – og høve til å friske opp mange minne frå gamle dagar.

Seinare i haust, 29.oktober, kjem språkforskar, ordbokredaktør, folkemusikar og sunndaling Tor Erik Jenstad. Nøyaktig tittel på det han skal snakke om, er ikkje avklart enno. Men mange kjenner Jenstad som ein fyndig og slagferdig språkforskar, så det blir sikkert også ei interessant økt. Detaljert infomasjon om møta følgjer etter kvart – men sett av dagen !

 

Publisert: 8. september 2014, 20:18