Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Seier for 2. år på rad.

Seier for 2. år på rad.

Elinor Bolme Laurdag 23. juni 2012

For 2. år på rad stakk elevar frå 6. klasse ved Stangvik oppvekstsenter av med 1. plassen i Svorka sin energikamp under dagens finalen på Laksfestivalen. Konkurransen starta med innbyrdes kampar ute på dei ulike skulane tidleg i vår, med uttak av lag til ny runde med kvalifisering kommunane i mellom veka før Laksfestivalen. Dei 12 beste laga gjekk så vidare til delfinalane i dag ved kulturhuset, og eit lag frå Øye, eit frå Mo og eit frå Stangvik kom til slutt i hovedfinalen.

Stangvikungane klarte seg her aller best, gjennomførte alle øvelsar innafor tidsgrensa og til beste tid samanlagt, og får dermed den gjeve 1. premien; ein tur til Energisenteret på Hunderfossen. Og sidan Stangvik oppvekstsenter blir å finna ved Todalen oppvekstsenter i det kommande skuleår får kanskje todalingane bli med og?

Laget frå Stangvik Oppvekstsenter bestod av Brage Østbø, Erik Andersen og Alice Naustbakk. Todalen sitt lag gjekk ikkje vidare i dei innledande rundane.

For fleire bilder av kampane kan vi anbefale Trollheimsporten.

Publisert: 23. juni 2012, 22:56