Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sauesanking – må rekne med tap

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. august 2014

Bjørn Kvendset har sauene på fjellbeite på sørfjellet. Majoriteten går oppe i Kjerringa, men det er spredning frå Vassnebba til Veltet på flokken som i år tel 170 dyr, med smått og stort. Dei siste vekene er rundt 110 dyr komne att frå fjellbeite av seg sjølve. Bjørn var litt usikker på kva som var årsak til det, men han trur det er dårleg vêr og dårleg beite – og ikkje rovdyrproblema som er direkte årsak til det. Med den fine og tørre sumaren er beitet alt skjemt – graset er brunt i fjellet, og da fristar nok dei grøne ekrene heime meir.

BjørnK_MangeSauer_5449

Når Bjørn kalla på dem kom heile saueflokken og samla seg rundt han. Dei er nok vant til å få ein godbit? Foto: Jon Olav Ørsal

Bjørn har ikkje heilt oversikten over tapa enno, men har manglar lam i flokken som er komen heim. Det skal enno 16 morsauer og 44 lam att i fjellet, og i dag startar han jobben med å samle inn resten for å få dei ned til heimebeite.  Bjørn har hatt hyppige tilsyn med sauene i sommar, og i løpet av sommaran har han funne fleire kadaver, men er altså usikker på omfanget av tapet enno. Beiteområdet rundt Kjerringa grensar mot Nerdalen/Virumdalen og innerdalen, der det har vore store tap dei siste åra.

Vi har fått nokre fine bilder frå Bjørn Kvendset, som han har tekepå tilsynstur  oppi Kjerringa på sørfjellet.   Fotogalleri: Bjørn Kvendset

Publisert: 23. august 2014, 05:00