Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sauene kom til rette!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. oktober 2014

På Todalen.no hadde vi ei sak med etterlysing av sau og 2 lam i Bjøråskaret for ei vekes tid sia. Det var sauer som Eystein Opdøl på Ålvudeidet sakna, og som har vore sett nyleg. I dag dukka dei faktisk opp i kulturbeita på Bruset, og vart etter kvart gjenforent med eigaren som kom og henta dei i kveld.

Det er ingen som har rapportert om observasjonar på vegen ned frå Bjøråskarsområdet der dei sist var sett. Men dei fann vel sjølv ut at det var på tide å trekkje ned i låglandet ettersom vinteren tek til å krype innpå, sjølv om temeraturen det siste døgnet har vore noter opp mot 16-17 grader enkelt plassar.

Publisert: 24. oktober 2014, 21:53