Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Satte sesongpunktum med Sodvinhallen Cup

Elinor Bolme Måndag 28. oktober 2019

På søndag deltok Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen sitt G11 lag på Sodvinhallen Cup på Kyrksæterøra. Turneringa vart dermed meir som ei sesongavslutning å rekne, med felles minibuss utover, og pizzakalas før heimreise på fotballgutane frå Todalen, Kvanne og Ålvundfjorden.

Gutane har i sesongen spela med eitt lag, men på denne cupen fekk dei til å stille med to lag i klassene for G10 og G11. 11-årslaget vann ein kamp, spela ein uavgjortog tapte ein. 10-årslaget tapte alle sine, men fekk scora mange mål for det. Kjekt å kunne spele mot heilt andre lag enn til vanleg.

Frå Todalen var Sivert Sogge med på G10, og Hallvard Nordvik og Tor Asbjørn Karlsen med på G11.

Sodvinhallen Cup var i helga arrangert for aller første gong, og det var KIL/Hemne som sto for arrangementet over to dagar, i sin nyoppsette storhall på Kyrksæterøra. 

Sjå enda fleire bilder frå turneringa. Alle foto Solveig Kvande.

Publisert: 28. oktober 2019, 21:00