Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sankthansfeiring i godveret.

Sankthansfeiring i godveret.

Elinor Bolme Torsdag 24. juni 2010

Komiteen måtte hastigt bera ut fleire bord og stolar da det var sankthansfeiring på Bordholmen onsdag kveld. Mykje folk møtte opp til grilling og sosialt samver i godveret. Idrettslaget stod klare med varme grillar då folket kom, så det var berre å legge på medbragt grillmat for den som ville.

Etter at grillmaten hadde sige ned og dei fleste hadde fått kjøpt seg kaffe og bakels av Svein og Karen i kiosken, vart det fotballkampar. Først mellom dei yngste ungane og «kjerringane». Her vann ungane knepent etter tillegg i tid frå dommar T. Nordvik. Ingen alvorlege skadar…

Etterpå var det duka for karane mot dei litt eldre ungane. Etter tre endte omgangar trur eg kanskje at karane vann. Såg heller ikkje ut til at det oppstod større skadar her. Stølheit dagen derpå tel ikkje.

Tilslutt var det utlodning med utallege gevinstar. Som vanleg var det dei som hadde meir hell enn andre også ved denne trekninga.

Under er ein del bileter frå samankomsten.

Først publisert: 24. juni 2010, 04:00 - Sist oppdatert: 23. juni 2010, 23:41